Opplev Olav Duun sommeren 2014

Du kan oppleve minne etter Olav Duun både i Holmestrand og på Jøa.

I Duun-huset i Holmestrand tek ein sikte på å få til opent Duun-hus fleire søndagar i august og september med foredrag og omvising. Når det konkrete programmet er klart, vil vi gjere det kjent her og på Facebooksida vår.

Duun-stiftinga i Holmestrand har nyleg fått kr. 25.000 til planane om å innreie eit møterom i andre etasje i diktarboligen.

 

Olav Duuns barndomsheim på Jøa skal vere open kvar dag frå 28. juni til 3. august kl 12–17. Ei omvising i huset kostar kr. 50 pr. person eller kr. 500 for ei gruppe.

På opningsdagen 28. juni skal Ellen Hesthaug frå Asker presentere kunstutstillinga si, som blir ståande i huset i heile sommar.

 

Olav Duun-stiftinga i Namdalen arrangerer lesehelg 20.-21.september. Vi tek for oss 100-årsboka  «Tre venner» frå 1914.

Neste Olav Duun-stemne i Namdalen blir 19.-21.juni i 2015.