Olav Duun og Nobelprisen

I si samtid vart Olav Duun møtt med stor respekt og særs gode kritikkar, både i inn- og utland. Han var kandidat til Nobelprisen i litteratur mest kvart einaste år i perioden 1924-1939, men han nådde aldri opp.

I november 1926 var dei i avisa Aftenposten faktisk så sikre på at nordmannen kom til å få prisen at avisa feilaktig kunngjorde han som vinnar i morgonutgaven 11. november.

Da det viste seg at George Bernhard Shaw vann prisen med ei einslig stemme meir enn Duun, kalte dei konkurrerande avisene, med Dagbladet i spissen, overtrampet ein offentleg skandale.

Redaktør Frøisland i Aftenposten måtte dementere og beklage offentleg og sende orsaking per brev til forfattaren same dag. I kveldsutgaven vart den riktige vinnaren omtalt.