Litt frå årsmøtereferatet til Olav Duun-ringen 2013

Møtet vart halde i Åsly forsamlingshus på Jøa under Olav Duun-stemnet i Namdalen 2013.

Nokre av sakene på lista til årsmøtet:

Sak 3. Val av styre.
Vedtak: Einar Vannebo, Oslo, vart valt til leiar.
               Torgeir Strøm, Jøa, vart valt til kasserar og ansvarleg for medlemsregistret.
               Rigmor Duun Grande, Oslo, vart valt til styremedlem.
               Erling Sørli, Holmestrand, vart valt til styremedlem.
               Kristin Storvig, Steinkjer, vart valt til styremedlem.

Sak 4. Arbeidet framover.

Alle deltakarane hadde meiningar om korleis Olav Duun-ringen best kunne vera ein overbygning for Duun-miljøa i Noreg.

Vedtak: Den nye heimesida www.olavduun.no, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Duun-miljøa i Noreg og fylkesbiblioteket i Nord-Trøndelag, er å rekne som meldingsblad for medlemmene i Olav Duun-ringen. Medlemsskapet i Olav Duun-ringen er gratis. For å få ut raske meldingar til medlemmene,  er det naudsynt med eit medlemsregister, og da helst med e-post-adresser. Duun-interesserte folk oppmodast om å teikne seg som medlemmer med e-post-adresse. Det kan gjerast gjennom heimesida www.olavduun.no eller til torgeir.strom@fosnes.kommune.no