Litteraturseminar på Jøa

Tirsdag 31.01 og onsdag 01.02 vert det arrangert eit seminar for dei aktive miljøa rundt forfattarane Magnhild Haalke (foto), Kristofer Uppdal og Olav Duun.

Det er kulturavdelinga i Nord-Trøndelag fylkeskommune som har teke initiativ til seminaret. Tanken er å samle miljøa for å diskutere om desse forfattarane sine verk og liv kan gi grunnlag for stadutvikling og såkalla litterær turisme i Nord-Trøndelag.

Ikkje berre avdøde forfattarar og forfattarskapnader vil vere tema på seminaret. Også Torvald Sund, som har skapt både romanar og dramatikk med utgangspunkt i ulike miljø, stader og hendingar i Trøndelag, vil delta.

Det same gjeld representantar frå Trøndelag forskning og utvikling, som i fleire år har forska på samanhengar mellom kultur, tilhørigheit og stadutvikling.

Mittnordenkommitten driv eit større samarbeid mellom dei midtre regionane i Finland, Sverige og Noreg, både på kultur, næring og miljøproblematikk. I 2011 vart forstudien "Litterä ra hållplatser i Mittnorden" gjennomført for å kartlegge nettopp kva for ressursar som fins i kvar enkelt region når det gjeld utvikling på dette området.
Nord-Trøndelag har fleire gode forfattarar, men mange har ikkje like sterk lokal tilknytning. For å vere aktuell i samband med Litterära hållplatser, må ein helst ha ein stad sterkt knytt til sin eigen biografi eller som motiv eller tematikk i verka sine. Derfor er nettopp miljø og/eller ressurspersonar rundt Haalke, Duun, Uppdal og Sund inviterte i første omgang.