Nokre sentrale årstal

  • 1876: Olav Duun (Ole Julius Raabye) vert født på garden Stein på øya Jøa i Fosnes i Namdalen. I ungdomsåra er Olav aktiv i ungdomslaget, og han ror vinterfiske frå han var 16 år gamal til han var 25.
     
  • 1901. Olav reiser til Levanger for å gå lærarskule der. Han får blant andre Vetle Vislie som lærar. Vislie hjalp Duun i gang som diktar og skal ha medverka direkte til at han debuterte, etter fleire forsøk.
     
  • 1904-1905: Olav Duun går i gang med lærargjerninga si på Sakshaug skule i Inderøy.
     
  • 1905-1908: Fortsetter som lærar, men no i Singsås i Gauldalen.
     
  • 1907: Debuterer med Løglege skruvar og anna folk, ei samling historier.
     
  • 1908: Marjane kjem ut. Denne boka hadde Duun truleg starta på tidlegare. Han gifter seg same året med Emma Møller frå heimbygda på Jøa. Dei to flytter til Botne i Vestfold. Duun blir lærar ved Ramberg skule, ein jobb han har fram til 1927.
     
  • 1910: Dottera Dagmar vert født.
     
  • 1914: Ekteparet kjøper huset Fjellvang, der dei blir buande resten av sine liv. Olav og Emma Duuns hus, som ligg i Holmestrand, er museum fra 1973.
     
  • 1919: Duun er ein aktuell kandidat for Nobelprisen i litteratur dette året og i alt 12 eller 13 år framover.
     
  • 1923: Duun mottek diktargasje frå Stortinget.
     
  • 1927: Duun avslutter lærarkarriera.
     
  • 1934: Vinnar av Gyldendals legat.
     
  • 1936: Duun mottek Henrich Steffens-prisen.
     
  • 1939: Olav Duun døyr den 13. september.

    Bibliografien

    til Olav Duun er lista opp kronologisk og med lenkjer til fulltekstversjonar under Om diktinga.