juni 2012

Mandag, 18 juni 2012

Nord-Trøndelag fylkesbibliotek, Fosnes kommune og Olav Duun-stiftinga i Namdalen inviterer media og Duun-interesserte til åpning og presentasjon av den nye heimesida www.olavduun.no i kommunestyresalen på Jøa torsdag 21.juni kl. 12.30 (ferje kl. 12.00).

Program:
Åpning av heimesida ved ordførar Bjørg Tingstad.

•Skodespelar Hildegunn Eggen les frå Olav Duun sine bøker.

•Prosjektansvarleg Mette Vaag presenterer www.olavduun.no•

JØBL sangerknaben underheld med song og spel.

•Traktering.

Det er gratis adgang på arrangementet. For at vi skal ha litt oversikt over matbestillinga, oppmodar vi deg til å melde deg på til torgeir.strom@fosnes.kommune.no. Hjarteleg velkommen!

Kontakt: Torgeir Strøm, arrangementsansvarleg – tlf. 415 62 531

Olav Duun-stiftinga ønskjer også velkommen til sommaråpning av Olav Duuns barndomsheim!

Torsdag, 28 juni 2012

Eit triveleg Olav Duun-stemne vart avvikla i Holmestrand 16. juni. Vel 40 personar var til stades i år. Professor Ole Martin Høystad haldt eit interessant foredrag om Olav Duun sitt livssyn med utgangspunkt i Odin-skikkelsen i Juvikfolket. Arild Sundt sang og spelte gitar. Torgeir Strøm bragte med ei helsing frå Olav Duun-stiftinga i Namdalen. Folk koste seg også med kaffe og vaflar i den flotte hagen utafor Duun-huset i Holmestrand.

Vi har fått eit referat frå arrangementet frå Vidar Langestrand, Jarlsberg avis.

Fleire bilete frå arrangementet:

 

Fredag, 29 juni 2012

 

Olav Duun-stiftinga i Namdalen inviterer media og Duun-interesserte til sommaråpning av Olav Duuns barndomsheim på Jøa laurdag 30.juni kl.12.30.

Fram til 12. august vil huset vera åpent fra kl. 12 – 17 kvar dag. Omvisning i huset kostar kr.50 for vaksne og kr. 10 for barn (skolealder). Årskort for du for kr. 100. Grupper over 10 stk. kr. 500.

Program for åpningsdagen 30.juni:

·        Duun-opplesing av Bjørg Tingstad.

·        Sigve Gjeset Haugan spelar gitar.

·        Opplesing av Kristen Dille.

·        Åpning av Ingebjørg F. Guldviks fotoutstilling (salsutstilling).

·        Omvisning i Olav Duuns barndomsheim.

·        Nysteika vafler og kaffe / te / saft.

 

Med helsing Olav Duun-stiftinga i Namdalen v/Kristen Dille