Ei marxistisk lesning av Juvikfolke

Simon Andrewes' foredrag på Duunstemnet 2015

Då eg nyleg gjorde greie for masteroppgåva mi - forresten skriven for nesten 40 år sidan under tittelen «Fosnes og verdsøkonomien: eit studium av Olav Duuns Juvikfolke» - på Duunstemnet pa Jøa, vekte det undring og gjorde mange nysgjerrige.

Kva var det ved Olav Duuns Juvikfolke som fasinerte ein engelsk litteraturforskar med marxistisk standpunkt?

Her er nokre forklaringsforsøk:

  • Det er eit sentralt verk I Duuns forfattarskap;
  • Skrive i eit viktig historisk tidsrom (t.d. samtidig med bolsjevikrevolusjonen og oppsving for arbeidarrørsla og med tilspissa klassekamp);
  • Høyrer til den nyrealistiske perioden i norsk litteratur - som heng i hop med den seine utviklinga av kapitalismen i Noreg og det nasjonale sjølvstendet i 1905;
  • Utgjeve i ei glanstid for den norske forteljarkunsten med to Nobelprisvinnarar, Hamsun og Undset, og ein nesten, Duun sjølv, på 20-talet;
  • Juvikfolke er framfor alt ei grundig undersøking av den historiske bakgrunnen for dei samtidige klassekonfliktane og rommar eit forsøk på å finne fram til ei tilfredsstillande litterær løysing av konfliktane skildra i verket.

Verket høyrer til innanfor tradisjonen av den sosial-historiske romanen, innanfor nyrealismen (også kalla etisk realisme) . Denne tradisjonen står den marxistiske tradisjonen nær. Realismen er den borgarlege kunstforma par exellence, tett forbunde med utviklinga av den borgarlege klassen.

  • Realisme byggjer på ein sosial analyse, dvs, eit forsøk på å forstå og finne eit truverdig litterært uttrykk for samspelet mellom årsaker og effektar i samtidssamfunnet.
  • Slik kjem forfattaren til innsikta i at samtida berre kan gripast gjennom ei undersøking av fortida. For å skjøne korleis vi er, må vi forstå korleis vi er blitt slik.

Realismen

Realismen er knytt til utviklinga av borgarskapet og for marxistar utvikla realismen seg fullt ut mens borgarskapet var ei progressiv historisk kraft. Dvs. fram til 1848 – meiner marxistar. Såleis kunne forfattarar øve sin rigorøse sosialhistoriske analyse så lenge dei trudde at borgarskapet hadde evna til å løyse samtidskonfliktane dei beskreiv. Under desse omstenda kunne dei skape kunstverk med tilfredstillande litterære løysingar gjennom den realistiske metoden. Då forfattarane mista trua si på borgarskapet si reformistiske evne, kunne dei ikkje lenger kome fram til slike løysingar innanfor grensene av den realistiske metoden.

Realismen treivst som kjent i Noreg etter 1848, til dels på grunn av landet si spesielle historiske utvikling. Kapitalismen utvikla seg nemleg seint og trua på den progressive tendensen i det nasjonale borgarskapet blei til og med forsterka gjennom det nasjonale sjølvstendet landet oppnådde i 1905. Realismen blomstra opp att med «Den nye arbeidsdagen» i dei første tiåra av det 20.hundreåret.

Samanhengen mellom den historiske røyndomen og den fiktive handlinga i Juvikfolke er sjeldan eller aldri gjort eksplisitt. Han er likevel alltid tilstades. Handlinga i Juvikingar t.d. føregår hovudsakleg over åtte år i dei første to tiåra av det 19 hundreåret, sannsynlegvis mellom 1808 og 1815 og den historiske røyndomen er synbar bak handlinga. Handlinga i I Blinda begynner omkring 1830 og deretter spring vi fram til rundt 1860. Storbryllopet utspelar seg i 1879, osb.

Men ei detaljert skildring av fortida er i det heile ikkje nokon føresetnad for realismen. Tvertimot. Historiske detaljar kan faktisk indikere ei flukt frå ei ærleg og moden skildring av røyndomen, der synet for det store biletet går tapt. Ei overdrive utbrodering av detaljar er heller eit kjenneteikn på naturalismen, som beskriv korleis tinga er på ein heller fatalistisk måte: tinga er slik og kan liksom ikkje vere annleis.

Ein sentral forfattar innanfor den realistiske sjangeren, veldig kjær og nær knytt til den marxistisk analysetradisjonen, var skotten Walter Scott. Den marxistiske litteraturkritikaren Georg Lukacs skreiv – i sitt verk om den historiske romanen – at Scott gjorde sin sosialhistoriske analyse for så å omsetje det han hadde sett av sosiale og økonomiske utviklingstrekk om til menneskelege lagnader og psykologiske endringar på eit individuelt og sosialt nivå. Han kom til å forstå at personlege eigenskapar ikkje var noko gitt for all tid, men bestemt av dei økonomiske og sosiale forholda som rådde i samtidssamfunnet.

Det Lukacs skreiv om Scott gjeld fullt ut for Duun i det historiske meisterverket hans. Ut frå avstanden som han skapte seg i Holmestrand, studerte han den sosiale og økonomiske utviklinga som hadde føregått heime i Jøa, og ut frå den analysen skapte han truverdige fiktive personar, truverdige fordi dei vaks fram av dei sosialhistoriske forholda han beskriv.

På Lyngsøya

Målet med den sosialhistoriske analysen var å finne fram til ei tilfredsstillande litterær løysing av samtidskonfliktane. Som Duun sjølv skreiv i eit svar til ein serie spørsmal som han hadde fått frå Tønsberg gymnasiesamfunnet like før han døydde:

Om eg plukkar sund «eller» bygger opp? Det kan vel ikkje vera tale om nokon syntese utan analyse først, og kva skulle ein med analyse utan for syntesens skyld?

Odin. Han vil mellom anna vera i jamhøgd med lagnaden sin, helst litt i overkanten. ... Ønskedraum av meg? Vel sa har eg da dikta eitkvart eg med.

Ut frå dette sitatet trekker vi to konklusjonar:

  1. At det Duun skreiv ikkje var meint til å bli «dikta», det skulle vera truverdig, sant. Han fortalte Vetle Vislie i eit brev han skreiv i januar 1921 – nettopp då han begynte på den andre halvparten av syklusen sin - at han følte seg forplikta til den realistiske romanforma og at han beundra den fantasifulle forteljekunsten til Vislie, meistaren sin, fordi han, Vislie, skreiv fri for trongen til realisme. «Men eg kjem aldri til å skrive på den måten. Eg må gå den lange kvardagslige skildringsvegen, der både eg sjølv og andre trøytnar.»
  2. At denne kvardagslege skildringa ikkje var eit mål i seg sjølv, men skulle skape ei syntese som peikte framover - mot ei løysing eller forsoning av dei sosiale konfliktane han skildra. Men han kunne ikkje endefram dikte denne løysinga. Løysinga måtte vokse fram liksom organisk frå dei sosialhistoriske forholda slik han skildra dei. Viss Odin skulle bere i seg denne løysinga, så var det viktig at han var ein truverdig og royndomsnær skikkelse.

I hovudpersonen Martin Brudalen i På Lyngsøya hadde Duun forsøkt å få det psykologiske studiet sitt integrert i romanens narrative struktur, men han greidde det ikkje. Dette sa han sjølv i 1917 i eit anna brev til Vetle Vislie. Stilen hadde han «ro til å høvle på», sa han, slik at han fekk han til å «gro opp av molda», men det gjaldt ikkje for hovudpersonen. Dvs. eg trur at Duun meinte at han hadde klart å fortelje om og beskrive på ein tilfredsstillande litterær måte samfunnet han skulle skildre, men at hovudpersonen var liksom noko påklistra og enno ikkje ein naudsynt konsekvens av den skildringa.

No blir det ein strid: å skape den mannen som det er oppreisning i, - som i sitt eige liv skal fara gjennom alt dei gamle stava seg framgjennom og så vinne seg eit høneføtt lenger. Eg har han gåande pa grass, og han ser meg bra levande ut; men det er verst til å få han til å lystre. Folk nektar å gå den vegen eg har rudd for dem; same kor lenge eg lever i lag med dem, når det ber til, så ser eg dei var ansles enn eg trudde.

Odin «ser bra levande ut» i sinnet av – som vi sa - at han veks fram frå dei sosiale forholda som Duun hadde analysert; men det var akkurat derfor han ikkje ville lystre. Odin nekta å vera den komplette og harmoniske personen som skulle vere instrumentell i å løyse samfunnskonfliktane som Duun hadde identifisert – han nekta fordi forfatteren si grundige sosiale analyse viste at dei materielle og ideologiske føresetnadene for eksistensen av ein slik harmonisk person faktisk ikkje eksisterte i dei rådande samfunnsforholda . Og ei idealistisk litterær løysing vart utelukka av Duuns realistiske metode.

Duun sjølv såg det ikkje slik. Han gav seg ikkje enno med analysane sine av dei sosiale forholda for å finne føresetnadene for å skape den personen som kunne bidra til ei slik harmonisk løysing. Mi meining er at Straumen og Evja var Duuns siste forsøk på å skape ei slik «harmonisk» løysing ut frå ein slik «realistisk» analyse. Og det førte ikkje fram. Etter dette siste forsøket snudde Duun etter kvart ryggen til den rigorøse realistiske metoden sin. Det var iallfall ikkje pga dårleg kritikk at Duun endra metoden sin. Tvertimot: kritikken var stort sett positiv. Den grundige skildringa av den sosiale røyndomen i Straumen og Evja blei tatt vel imot. Men løysinga da? Dette kunne ikkje vere slutt; det måtte kome eit anna band! Dette var til dømes synet til Sigurd Hoel med fleire.

Men det kom ikkje noko anna band fordi Duun ikkje greidde å skrive seg fram til ei tilfredsstillande løysing på konfliktane han hadde identifisert og skildra. (I denne samanheng betraktar eg Odins sjølvoffer på slutten av I Stormen som ei tilfredsstillande litterær løysing.) Men den politiske og økonomiske utviklinga i mellomkrigstida gjorde det umogeleg for Duun å fortsetje med den rigorøse realistiske metoden sin. Kort sagt kunne ein seie han hadde mista trua si på borgarskapet og kapitalismen si evne til å løyse konfliktane han skildra. Noko slags forsoning var utelukka.

I desember 1917 kunne Duun enno skrive (i eit anna brev til Vetle Vislie) at trass i alt var han «som ein skamlig optimist i hjarte». Grunnen til Duuns moderate optimisme i 1917 låg i hans faste identifisering med synspunktet til det liberale nasjonale borgarskapet. Dette er frå ei lærarskuleoppgåve skrive på Levanger i dei første åra av hundreåret:

Men dei [utlendingar] lærer oss ikkje berre at landet er vakkert; det syner oss at det i mange maater er rikt. Me saag ikkje fossarne vaare fyrr; me skyna ikkje at det laag kapital i deim. Malmarne i fjelli er det og mykkje godt utlendingarne som hev synt oss (...) Dei ser at landet har framtidi for seg – at det hev rikdomar. Dette kjem vel med for oss ofte, iser i forretningslivet. Dei er ikkje rædde for aa laane oss pengar i utlandet no lenger, og dei laaner oss deim billegt. Og me treng pengelaan, me som andre folk.

Duun hadde tillit , meiner eg, til at kapitalismen heldt på å løyse problema i bygdene kringom i landet, at samfunnskonfliktane, dei konkrete problema som bygdefolk heime i Jøa stod overfor, kunne løysast. Men klart, den økonomiske krisa i Noreg etter den 1.verdskrigen kom til å øydeleggje denne tilliten.

Lykkemann og niding

Det er forresten medvitet om den kapitalistiske utviklinga og dei økonomiske oppsvings- og nedgangsstider slik dei dei vert skildra i Juvikfolke som gjev oss innsikt i konsepta «lykkemand og niding» i Duuns dikting. For å forklare dette skal eg ta fram eit sitat av Erich Fromm:

Life has an inner dynamism of its own; it tends to grow, to be expressed, to be lived. It seems that if this tendency is thwarted the energy directed towards life undergoes a process of decomposition and changes into energies directed towards destruction. In other words, the drive for life and the drive for destruction are not mutually independent factors but are in a reversed interdependence. The more the drive towards life is thwarted, the stronger is the drive towards destruction; the more life is realised, the less is the strength of destructiveness. Destructiveness is the outcome of unlived life.

Dvs.: Alle menneske har ei drivkraft til å handle, til å leve, til å leve godt og riktig. Viss denne drivkrafta finn ein utveg til å uttrykke seg, går det bra. Men viss han blir frustrert, kan han tippe og bli ei øydeleggjande kraft.

Dette her gjeld for personane i Duuns verk. Duun viser stadig vekk ein klar samanheng mellom historisk framskritt og personleg utvikling. Odin lukkast fordi han har sjansen til å utvikle seg i ein periode da dei sosial-økonomiske forholda er gunstige. Viss livsløpet hans ikkje hadde falle saman med den økonomiske oppsvinget 1905 – 1916, så hadde han ikkje hatt den lykka som han hadde. Og lykka hans kjem til ende med slutten av det lange oppsvinget, i tida når I stormen tek til.

Pengelån som Duun hadde snakka så godt om pa lærarskulen 20 år tidlegare kom til å øydeleggje økonomien i Fosnes og mykje av Noregs periferi, slik at tillit til kapitalismen var det ikkje lenger mogeleg å oppretthalde av dei som satsa på utvikling av utkantane.

Framskritt og motgang

Det er oppsiktsvekkjande at Duun viser så lite interesse og merksemd for dei gunstige tidene, periodane med framgang og framskritt. Det er konfliktstidene som interesserer han. Han spring t.d. over livet til Blind-Anders eller Odin så lenge dei lukkast. Interessa til Dunn ligg i korleis dei kjem til rette med motgangen; korleis dei løyser konfliktar og nyttar seg av det avgrensa handlingsrommet sitt.

Her skal vi vende tilbake til kapitalismen og marxismen, med eit sitat fra Det kommunistiske manifest (1848).

Den stadige omveltning av produksjonen, den uavbrutte rystelsen av alle samfunnsmessige tilstander, den evige usikkerhet og bevegelse særkjenner borgerskapets epoke framfor alle tidligere. Alle faste, inngrodde forhold med hele sitt tilheng av gamle hevdvunne forestillinger og synsmåter oppløses, alle nydannede forhold foreldes før de kan forbene seg. Alt standspreget og stillestående damper bort, alt hellig vanhelges, og menneskene tvinges endelig til å se på sin livssituasjon, sine gjensidige forbindelser med nøkternt blikk. [Marx & Engels: Det kommunistiske manifest (1848). https://www.marxists.org/norsk/marx-engels/1848/01/manifestet/mani1.htm]

Denne kampen for å sjå med nøkternt blikk den eigne livssituasjonen og dei sosiale forholda omkring ein, gjeld også for hovudpersonane i Duuns fiksjon. Prosessen med korleis Odin blir tvinga til å sjå på si eiga stilling i samfunnet med nøkternt blikk, blir framstilt på ein veldig fin måte i den psykologiske skildringa av Odin sin oppvekst mens han «fer gjennom alt som dei førrige generasjonane hadde stava seg fram gjennom».

I det førkapitalistiske samfunnet, i det stabile bondesamfunnet med stor grad av naturalhushald, var dei sosiale forholda gjevne og dei endra seg ikkje over generasjonar. Ætteideologien, med gammalkarane (husgudane) , hadde forsynt menneska med pålitelege modellar som hadde lært generasjon etter generasjon korleis dei skulle leve livet sitt utan altfor mykje ettertanke. Men desse modellane vart ikkje lenger brukbare under kapitalistiske forhold der faste og etablerte tradisjonar og vanar mista kraft og relevans.

Dessutan med svekkinga av autoriteten til «husgudane» i overgangen frå det gamle tradisjonssamfunnet til det kapitalistiske samfunnet går fellesskapskjenslar tapt. Det gamle samfunnet med sine faste og sikre forhold skapte fellesskapskjensle som styrka individet i motgangstider. I det nye samfunnet ser vi korleis bygdemeininga til dels tar plassen til ætteideologien. Men bak bygdemeininga låg interessekonfliktar som det nøkterne blikket avslørte. Ættesamfunnet hadde jo òg vore undertrykkjande, berre at ætteideologien ikkje gav uttrykk for disse undertrykkjande forholda.

Sett med eit nøkternt blikk var det derimot uunngåeleg å anerkjenne at lykka og framgangen til Odin betydde det motsette i høve til Lauris, akkurat som broren Per hadde vore frustrert gjennom lykka som Anders fekk del i. I større grad enn Blind-Anders kjempar Odin for å sjå nøkternt på sin eigen livsituasjonen og han kjem i det minste eit høneføtt lenger i å forstå korleis dei gjensidige forholda mellom han og dei andre – og framfor alt Lauris – skaper dissonans i fellesskapet i det sosiale miljøet. Blindheiten til Blind-Anders’ er ikkje noko anna enn ein metafor for hans uvitenheit, hans manglande evne å sjå med nøkternt blikk den eigne livssituasjonen og dei sosiale forholda omkring seg som dei i verkelegheiten var.

I romanhandlinga kjem vi til slutt til det spennande punktet der motsetningar synest uovervinneleg. Og på ein måte var motsetningane i røyndomen uløyseleg, i sinnet av at det verkeleg ikkje var nokon tilfredstillande sosio-politiske løysingar til konfliktane som Duun skildra i romansyklusen sin. Alikevel får handlinga i romanen lesaren til å sjå Odins sjølvoffer på slutten av I stormen som den einaste utvegen som veks fram ut av handlingslogikken innanfor ramma av det realistiske romanen som sjanger; ein utveg som ikkje virkar kunstig eller påtvungen. Og dette henger i hop med dei spesielle forholda mellom realismen og kapitalismen som vi har vore innom tidlegare. Duun kom aldri igjen i heile sitt forfattarskap til å utrette ei slik truverdig realistisk litterærløysing.


Takk til Simon Andrewes for å ha stilt foredraget til rådvelde, og til Øyvind Fenne som hjalp Simon med språkvask på norsk. Bilete fra Duunstemnet i 2015; Simon (t.v.) og Torgeir Strøm.