Jostein Holmen gir ut bok om helse og sjukdom i Olav Duun si dikting

Den pensjonerte legen frå Verdal har gitt ut boka "Dagar til å leva, og dagar til å døy - med doktorblikk på helse og sjukdom i Olav Duuns dikting". Dette har han gjort på sitt eige forlag.

 

I eit lengre intervju i Tidsskriftet Den norske legeforening fortel den no 72 år gamle Holmen om korleis han oppdaga Duun som forfattar og kva tekstene hans har hatt å seie i livet til legen. Følg denne lenka om du vil lese intervjuet.

Boka, som er på 450 sider, kan du kjøpe gjennom Jostein Holmen si Facebook-side, Duun-Holmen, eller du kan sende ein e-post til duun.holmen@gmail.com med namn og adresse.

Foto: Bjørn Tore Ness, for Tidsskriftet.no.