Olav Duun-stemnet i Namdalen 2017

Duun-stemnet 2017 blir arrangert på Jøa i dagane 23.-25. juni. Tema for stemnet er «Å vera menneske». Forfattarane Edvard Hoem og Helga Flatland gjestar bokbadet fredag.

Det blir dans på vollen og St. Hans-bål i fjæra ut mot Follahavet. Skodespelaren Magne Olav Aarsand Brevik er Duun-opplesar på stemnet. Fredag ettermiddag framfører han og, saman med cellisten Martin Stangeby, teaterstykket «Eg skal ta folk og syne dem fram».

Doktorand Einar Vannebo tek for seg temaet «Å vera menneske. Religion og menneskesyn i Olav Duuns dikting» på litteraturseminaret laurdag. 

På festkvelden laurdag vil Kvalstad og Kvalstad møte Duun. Visesongar Kine Kvalstad med musikarar, vil saman med songruppa Groms Vocalis, tolke tekstar av Overhalla-diktaren Louis Kvalstad. Magne O. Brevik vil lese Duun.

 

Fredag 23.juni:

Kl 13.30:  Åpning av Jan Erik Willgohs si maleriutstilling i Olav Duuns barndomsheim.

Mattelt frå kl. 13.30.

Kl. 14.30: Stemneåpning , Øver-Dûn. Velkomst; stemneleiar Kristen Dille og ordførar Trygve Sandvik. Duun-opplesing; skodespelar Magne Olav Aa. Brevik. «Kulturens plass i Nye Trøndelag»; fylkespolitiker Torgeir Strøm. JØBL sangerknaben. Jøa skolemusikkorps og Hornmusikklaget Ekko. Musikk og danseforestilling av elevar ved Olav Duun videregående skole. kr. 70  / 30 / 150 (familiebillett)

Kl 17.00: Duun-forestillinga «Eg skal ta folk og syne dem fram»; skodespelar Magne Olav Aa. Brevik og cellist Martin Stangeby. kr. 100 / 50 / 200 (fam). Fleirbrukshuset Fyret.

Kl 19.30: Bokbad, Tranås jernaldergård. Forfattarane Edvard Hoem og Helga Flatland. Bokbadvert: Bjørg Tingstad. kr. 150. Sal av grillmat.

Kl 20.30: St. Hans-bål og dans på vollen. Sal av grillmat.

 

Laurdag 24. juni:

Kl 10.15:  Årsmøte i Olav Duun-ringen, møterom i fleirbrukshuset Fyret.

Kl 11.45:  Litteraturseminar i fleirbrukshuset Fyret. «Å vera menneske. Religion og menneskesyn i Olav Duuns dikting»; dr. philos Einar Vannebo. Ordskifte. kr.150.

Kl 18.45: Kvalstad & Kvalstad møter Duun –  festkveld i fleirbrukshuset Fyret. Visesongar Kine Kvalstad og musikarane Lasse Kvalstad og Øyvind Estensen. Groms Vocalis. Skodespelar Magne Olav Aa. Brevik les Duun. kr. 250 / 150. Sal av billettar og mat frå kl. 17. Inngang kl. 18.15.

 

Søndag 25.juni:

Kl 10.30: Fottur i Olav Duuns diktarlandskap: Bragstad Hamn – Brakstadaunet. Kupert utmarkslandskap. Båtskyss frå Brakstad Hamn for dei som berre vil gå ein liten bit. Omvisarar: Torgeir Strøm og Kristen Dille. Duun-opplesing; Magne Olav Aa. Brevik. Turen varar til omlag kl 14. Kr. 100 / 50 / 200 (familiebillett). Pøbben på Brakstad Hamn er åpen kl 10-15.

Stemnepass: kr. 495. Ønsker du overnatting, ringer du Åsa på telefon 995 98 388. Velkommen til fine kultur- og naturopplevingar på Jøa - Landet i eventyret!

Takk til våre samarbeidspartnarar: Fosnes kommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Norsk Kulturfond – kulturrådet, NTE, Naumdøla Mållag, Grong Sparebank og Namdalsavisa.

Kristen Dille, stemneleiar
Torgeir Strøm, stemnesekretær