Olav Duun-ringen

Tirsdag, 14 mars 2017

Duun-stemnet 2017 blir arrangert på Jøa i dagane 23.-25. juni. Tema for stemnet er «Å vera menneske». Forfattarane Edvard Hoem og Helga Flatland gjestar bokbadet fredag.

Mandag, 07 september 2015

Grethe Fatima Syéds foredrag under Duun-stevne Jøa juni 2015

 

Mandag, 22 juni 2015

Åpningstale av fylkesråd May Britt Lagesen under Duun-stemnet på Jøa 19. juni 2015.

Medlemskap:
Olav Duun-ringen er ein medlemsorganisasjon for einskildpersonar. Skolar og andre institusjonar kan og vere medlemmer utan røysterett. Olav Duun-ringen vart stifta 22.01.2000. I dag er det registrert ca. 250 medlemmer.

Formål:
Formålet er å auke kjennskapen til og interessa for Olav Duun si dikting, samt å stimulere til fortsett utforsking av og diskusjon om diktinga. Olav Duun-ringen skal vere bindeledd mellom Duun-miljøa i Holmestrand, Oslo og Namdalen, og Duun-interesserte personar i inn- og utland.

Styret:
Årsmøte/medlemsmøte blir halde under Olav Duun-stemna i Namdalen (neste blir 28.-30. juni 2013. Årsmøtet vel eit styret med seks medlemmer. Einar Vannebo er leiar i Olav Duun-ringen. Torgeir Strøm er kasserar og ansvarleg for medlemsregistrering.

Innmelding:
Du kan melde deg inn ved å kontakte Torgeir Strøm.

Medlemsinformasjon:
Sidan oppstarten er det gitt ut 4 medlemsblad. Frå no av får medlemmene den viktigaste informasjonen på heimesida www.olavduun.no, som Olav Duun-ringen er ein del av. Medlemmer som registrerer seg med e-post-adresse kan i tillegg få viktige meldingar og oppdateringar som det hastar med.
Sida til Olav Duun-ringen vil m.a. legge vekt på å gjengi viktige foredrag og artiklar om Olav Duun si dikting.