Olav Duun-stiftinga i Namdalen

Torsdag, 28 mai 2020

 

Olav Duuns barndomsheim på Dun på Jøa er i 2020 åpen kvar dag frå kl. 12-16 i tida 4. juli - 2. august.

Torsdag, 21 mars 2019

21.-23. juni 2019 er det igjen duka for Olav Duun-stemnet i Namdalen, som alltid på Jøa. Stiftinga Olav Duun i Namdalen har også i år satsa på å få til eit godt og variert program og tar i bruk krefter frå både lokalt og nasjonalt hald.

Torsdag, 28 februar 2019

Turnéteatret fortsetter å gjøre Olav Duun tilgjengelig for nye generasjoner. Med denne forestillingen avslutter teatret sin trilogi av mer ukjente Duun-verk som omsettes til teater.

 

Formål:
Olav Duun-stiftinga i Namdalen (ODIN) sitt formål er å ta vare på minnet om Olav Duun, og å formidle og levandegjere Olav Duuns dikting og stader for både det lokale og det tilreisande publikum. ODIN vart stifta i 1996.

For å verkeleggjere formålet gjer m.a. Olav Duun-stiftinga i Namdalen følgjande:  
- Tek vare på Olav Duun sin barndomsheim på Øver-Dûn, Jøa, (sommaråpent).     
- Er medeigar i nettstaden www.olavduun.no
- Arrangerer Olav Duun-stemnet i Namdalen anna kvart år (neste i 2013).
- Arrangerer lesehelger og opplesingslaurdagar.
- Tilbyr skoleklassar og grupper omvisning i barndomsheim og diktarlandskap.
- Held nær kontakt med andre Duun-miljø i Norge.

Medlemskap:
Olav Duun-stiftinga sine medlemmer er: Olav Duuns familie, kommunane  Overhalla, Namsos, Nærøysund og Leka samt Trøndelag fylkeskommune. For personlig medlemskap, sjå Olav Duun-ringen.

Styret:
Alle medlemmer i stiftinga har ett styremedlem. Sete for stiftinga er i Fosnes kommune, og Fosnes har derfor eit ekstra styremedlem. Den daglege leiinga tek arbeidsutvalet seg av: Kristen Dille (leiar), Torgeir Strøm (nestleiar og skrivar) og Ingunn Duun (kasserar).

Adresse:
Olav Duun-stiftinga i Namdalen v/Kristen Dille, 7856 Jøa.
Tlf. 918 83 902
E-post: kristen.dille@fosnes.kommune.no